..til startsiden
Velkommen
Bakgrunn
Behandling
Foredrag/kurs
Meir info
Kontakt
 

Personleg er eg overtydd om at vi som menneske er noko meir enn berre ein fysisk kropp. Vi ber alle i oss ein åndeleg dimensjon. Ein lyt sjølv ta valget og gjere arbeidet for sin eigen åndelege oppvåking. For det er tale om eit arbeid - eit slitsomt og djuptgripande arbeid i møte med ein sjølv - på eit indre plan.

I vår kultur set vi mykje liksteikn mellom det å tenkje og det å vere bevisst, men tydinga er ikkje synonym. Å tenkje utgjer berre eit lite aspekt av det å vere bevisst! Ein kan vere bevisst utan å ha ein tanke, men tanken lyt ha eit medvit for å eksistere.

Velkommen til å hente fram nye og ukjente skattar i deg sjølv. Verktøyet og innfallsporten vil variere, men målsetjinga vil vere å bli meir BEVISST!

Sesongprogram for Feistein fyr 2010:

21.-23. mai
Enneagrammet – eit nyttig verktøy
workshop med Gro Kvæstad. ’Ikke en vinter til på Nedstand’
Pris kr. 2800,-
Påmelding innan 9. mai til Rosemarie mob. 992 50 513

Sesongprogrammet er under utarbeiding og nettsida blir oppdatert om kort tid.

Ansvarleg for workshop/ seminar er Rosemarie Grøssfjeld
Prisen inkludere mat og 2 overnattinger + sjølve seminaret.
Båttransporten tur/ retur på kr. 250 kjem i tillegg og betalast direkte til skysskar.

Generelle praktiske opplysningar for alle workshop:
Fredag ettermiddag  er det avreise frå Sele hamn, mellom klokka 17.00 - 18.00 og retur søndag ml. 15.00 - 16.00.

Det er lurt å pakke med seg varmt tøy, gjerne ull. Godt fottøy. Badetøy kan vere aktuelt. Då det gjerne er noko sjøsprøyt under overfarten, er ein plastsekk praktisk å bruke rundt bagasjen.

Ta med sovepose/ lakenpose eller sengetøy (pute-, dynetrekk og laken) alt etter eige ønske. Pute og dyne tilhøyre kvar seng. Nødvendige toalettsaker, håndklede evt. såpe.

All mat blir laga i fellesskap og vi koker på gasskomfyr. Ønsker du litt vin til maten eller er du avhengig av spesialmat, så er du ansvarleg for å ta med dette.

Standeren i boleghuset er enkel og fungere etter hytteutleigeprinsippet: vi rydder og vakser etter oss.

NB! Verforbehold ifm arrangementa!
Det er utarbeidd ei alternativ løysing dersom vergudan slår seg vrange.

Feistein er ein holme mindre enn 30 mål og likevel særs innhaldsrik med rullesteinsstrand, jettegryter, store kvartsårer og rikt fugle- og planteliv.

Det vil vere anledning til guidetur opp i fyret og påfyll med kysthistorie. I sesongen vil der og vere ymse utstillingar.

Påmelding: For å vere sikra plass på kurs/workshop lyt det vere innbetalt kr. 1500,- ein månad før kursstart.

Ved fråfall tett på kurshelg ( ei veke) eller avlyst arrangement pga. ver eller andre uforutsette faktorer, blir beløpet refundert utenom kr. 400,- for administrasjon og utlegg ifm innkjøpt mat.

For meir informasjon kontakt Rosemarie på mob. 992 50 513 eller epost: noor@jkn.no
Innbetaling til kontonr. 3270.20.73226

Ver Velkommen til ei unik helg
 i eit Sterkt Landskap!

Kringsjå © 2006 Rosemarie Irmgard Popp Grøssfjeld
Web levert av Engasjert Lea AS og dgs-as.no