Velkommen til stand nr 501 i hall E
Livets Magiske Vev.
Eit verdivalg i 1997 gjorde utslaget og eg bestemte meg for å starte
Kringsjå - møtestad for personleg vekst på landsbygda Helleland, 15 km
frå Egersund. Her jobbar eg i eit utfordrande yrke som håndspålegger/healer,
eit yrke som er nært knyttet til naturen og som ber i seg eldgamle
tradisjonar.
Jevnleg tar eg og imot kundar på Scandic Hotel Stavanger.
Eg har invitert med meg Elisabeth Gay Broadhurst frå Stavanger, ho er
veverske og dyktig i tyding av draumar. Ho vil selge fargeglade ponchoer
og bilde, utarbeida og komponert av henne sjølv. Temaet for bildeutstillinga
hennas på KVV er 'draum i bilde og uttrykk'.
Vi har alle ei åndeleg/spirituell side! Det handlar om å bli meir bevisst
denne sida i oss sjølve og å våge å ta dei valga som fører oss i møtet med
vår eiga sjel. Dette vil vere hovedtemaet for standen.
Besøk oss på ein spennande og annaleis stand! Her vil du finne humor,
glede og tid til meiningsutvekslingar! Her kan du prøve behandlingsforma
healing eller finne andre symbolske uttrykk for den åndelege dragninga
vi har i oss.
Standen vart sponsa av Simrad Robertson AS, C-Map AS, NorDan AS,
Fjordstein, Design Forum AS og Oddvar Arne Bjerkreim.
|